Berre ein kjærleik
Berre ein kjærleik er det avsluttande bandet i Torvald Sunds trilogi om fiskarbondefamilien Yttersia frå Fosen i dei dramatiske tiåra frå slutten av første verdskrigen og fram til slutten av den andre. Ein familie heimsøkt av store prøvelsar. Denne gongen står dottera Inga i sentrum for historien. Hausten 1939 reiser ho til Levanger for å freista opptaksprøva på den fireårige lærarskolen. Her møter ho kjærleiken, men verken kjærleiken eller vegen til lærarutdanninga blir enkel for henne. Særskild blir det vanskeleg når tyskarane året etter okkuperer landet. Med sikker dramaturgi og i eit fargerikt, dialektprega nynorsk skildrar Torvald Sund, rått og ekte, eit samfunn der kvardagen er hard, men Inga maktar å halde livsgnisten levande ved trua på kjærleiken.
Kvart band i trilogien kan leses uavhengig av kvarandre. Om dei to første banda skreiv kritikarane:
Seglet og dansen (1999):
«Ein eineståande god roman.»
Oddmund Hagen, Dag og Tid
Bøt nota, fang livet (2016):
«En troverdig og svært sterk historie. Her formidles rystende, beksvart alvor.»
Ole Jacob Hoel, Adresseavisen
ISBN 9788283240825
Kr. 399,-




